top of page

nordlandsbunaden for menn

Nordlandsbunaden for menn blei laga i 1923-24.

Initiativtakar til bunaden var Johannes Eidnes. Tanken var å lage ein bunad for nordlanda, det området som var Hålogalend, som strekker seg frå Beiarn i sør til Lyngen i nord. Bunaden fekk namnet nordlandsbunad for menn.

 

Idéen om å lage ein bunad for nordlanda kom da Noregs Ungdomslag skulle ha nordisk leikarstemne i Oslo i 1922. Johannes Eidnes skreiv ein artikkel i Midnattsol i februar 1922 om det. Midnattsol var ungdomsbladet for dei frilyndet ungdomslaga i Nord-Noreg. Desse ungdomslaga sto sterkt i arbeidet for nasjonal stoltheit, opplysning og samhald. Folkehøgskulane i landsdelen var ein pådrivar i dette arbeidet, og Johannes Eidnes var lærar ved Trondarnes Folkehøgskule ved Harstad.

Her er noko av det Johannes skreiv:

 «Til somaren skal det vere nordisk leikarstemna i Oslo og det skal koma utsendingar fraa Finland, Sverike, Danmark, Ferøyane og Island – 7 – 800 i alt. Og dei kjem i nasjonaldrakt.
   Samstundes med leikarstemna skal Noregs Ungdomslag ha aarsmøte sitt. – Ragnar Streitlien skriv derfor i «Norsk Ungdom» om at alle utsendingane til aarsmøte bør møte i nasjonalklæde. Og eg er samd med han i det. Naar landet, bondeungdomen, møtast i hovudstaden til møte og fest med nordiske grannesyskjin, so bør dei syne seg som norsk ungdom i maal og sed sjølvsagt, men ogso i klædebunad. Det er natur og folkeliv som skal synast fram i farge og form og fin øving.
    Men korleis blir det med oss nordlendingar. Eig vi noko nordlandsbunad?»

Dette var opptakten til arbeidet med bunaden. I løpet av 1922 var det mange som begeistra heiv seg på idéen om å finne stoff, kler, mønster og informasjon om gamle folkedrakter.

Mange var forarga over at nordlendingane brukte bunada sørfrå. «- vi kann ikkje møta opp til leikarstemna i lånte fjør» skreiv ein innsendar, og andre var ikkje nøgd med at dei måtte møta i «parisarmote».

A. E., ei dama, skreiv i Midnattsol: «Og eg seier dykk gutar: Faa dykk nordl.-bunad. Kanskje er det ein og anna sveinkall som går og tuslar og som gjentene ikkje bryr seg om. Faa dykk nordl.-bunad, karar, så de skal sjaa at gjentene er etter dykk som kleggen.»

Ja, kler skapar folk.

Mykje av folkedrakttradisjonane var gått tapt, men mange brukte tid på å leite opp materiale til ein nordnorsk mannsbunad. Og det kom inn informasjon og kjeldeplagg frå Velfjord i sør til Lenvik i nord.

Så i november 1923 skriv Johannes ein liten notis i Midnattsol, eller «Sola» som dei kalla ungdomsbladet på folkemunne:

«Nordlandsbunaden
  Eg har snart ikkje tal på kor mange det er som skriv og spør etter Nordlandsbunaden. Og det er daa gjævt aa sjaa at folk er interessera. Det tar tid aa grava fram bortgøymt og avgøymt som han var. Men fram skal han no. Gaar alt etter ynskje, skal vi faa sin freistnad paa han til jul kjem i garden.
          Johannes Eidnes»

Endeleg, i Midnattsol 7. februar 1924:

Nordlandsbunaden, artikkel der Johannes Eidnes syner bunaden.jpg
bottom of page